Turar frå Frøyset

Fløya

Fløya er vårt faste tegn,
du står stolt i sol og regn.
Me går opp her med liv og lyst
og ser vår vakre bygd og kyst
I all slags vær
du er oss kjær.

Forfatter: Helge Asbjørn Daae

Fløya (169 m.o.h) er klassikaren av turar på Frøyset. Den startar på garden til Aase og Terje, byrjar slakt oppover for så å gå mest rett opp 150 m, før det flatar ut og ein får roe ned pulsen til ein når toppen. Dei sprekaste går opp på under 10 minutt, med normalt turtempo reknar ein 20 minutt. Det blir gådd 600 til 800 turar kvart år.

Stien til Fløya er tydeleg og det er laga klopper over blaute parti


Frå toppen er det ein fantastisk utsikt sørover. Ein ser heile Fensfjorden frå havgapet til den går over i Austfjorden. Lenger sør omtrent heile Strilalandet nord for Bergen. På ein klar dag ser ein og Byfjella ved Bergen.


Storebruna er neste turmål dersom ein vil ha ein litt lenger tur. Turen går då austover åsen frå Fløya i typisk vestlandsk furuskogterreng. Stien er merka og godt rydda. Etter ca. eit kvarter er ein på Storebruna som er Frøyset sin høgaste topp, omlag 200 m.o.h. Turen går så vidare austover til ein kjem ned på skogsveg. Her er det to alternativ, ein kan følje skogsvegen nordvestover og kome til Kjærdal, eller følje veg sørover og kome ned til Sagevatnet og Austevågen og gå stien (Kleivane) tilbake til Frøyset.


Frøyset sett frå Fløya med Bufjellet i bakgrunnen.