Velkommen til Frøyset
Ei naturperle i Masfjorden

Frøyset er gard nr. 7 i Masfjorden kommune. Den ligg på nordsida av Fensfjorden innerst i Frøysetvågen, ein sidearm til Fensfjorden. Garden grensar til Risnes i sør, Torsvik og Rambjørg i vest, Tangedal og Sleire i nord, Lauveide og Hosteland i aust. Frøyset er omlag 2 timars biltur frå Bergen eller Førde.


På Frøyset ligg ei av dei tre kyrkjene i Masfjorden. Kyrkja vart bygd i 1937. Den er vakkert plassert på Neset og er omkransa av Frøysetelva, Frøysetvågen og Austevågen.


Kart