Vil du fiske ?

På infotavle ved Frøysetbrua vil du finna det meste av opplysningar som vedkjem fisket. Der er også ei postkasse for retur av fiskekort og skjellprøvar. Posar for skjellprøve finst ved infotavla.


Fiskekort

Sameiget Frøyset Grunneigarlag ynskjer velkomen til ein ny fiskesesong. I år varer fisket frå 15. juni til 31.august. Det vert berre seld døgnkort, max 15 kort pr. dag.

Fiskekort kan kjøpast på nettstaden til inatur.no. Du kan betale med Visa eller MasterCard. Spørsmål eller problem ved kjøp, ring 48011906.

På grunn av dårleg gytebestand i vassdraget må det i løpet av fiskesesongen settast i verk tiltak for å betre dette. Fiskarar vert oppfordra til å setta ut att mest mogeleg laks.NB.Hugs at minstemål på anadrom fisk er 35 cm. Me er pålagt ein midtsesongevaluering for i størst mogeleg grad å oppnå gytebestandsmålet(GBM) som er 169 stk holaks. Meir informasjon hos NINA.

Når fisketida di er over må du levere fangstrapport. Vi ser helst at du leverer den på nettstaden der du kjøpte fiskekortet. Alternativ er å legge den i postkassen ved Frøyset bru.Fiskerar som ikkje leverer kort kan verte nekta fiske i elva seinare. Fangstrapporten din er viktig for at vi skal kunne utvikle og legge til rette for fisket i Frøysetelva. Hugs å levere skjellprøvar i postkassen på infotavla ved Frøysetbrua.

Kjøp fiskekort
Registrer fangstrapport

Fiskesesong er 15.juni – 31.august

Parkering på merka plassar, sjå kart. Sjå også kart som viser Frøyset Grunneigarlag sitt område

Camping berre etter avtale med grunneigar.

Ver venleg og bruk oppmerka stiar og hald grinder lukka. Det er ikkje lov å gå på dyrka mark.

Er det fleire som ynskjer å nytta same fiskeplassen, rår vi til å byta kvar halvtime.

Vi vil gjerne få tilbakemeldingar og forslag som kan gjera fisket og opphaldet ditt på Frøyset til ei endå betre oppleving.

Bruk naturvett!


Ta med boss, det er lite hyggjeleg at andre skal måtta ta det !

Skitt fiske !