Frøysetelva - vill og vakker

Storparten av Frøysetvassdraget ligg i Masfjorden kommune i Hordaland fylke. Dei øvste delane strekkjer seg inn i Gulen kommune i Sogn og Fjordane fylke. Strekninga som fører laksefisk ligg i Hordaland. Frøyset, Hosteland og Brekke er viktige innfallsportar til vassdraget.

Vassdraget er eit middels stort vestlandsvassdrag. Nedbørsfelt er om lag 125 km², og middels vassføring ved utløp i Frøysetvågen er om lag 147 m³/s. Hovudstrengen i vassdraget er om lag 28 km lang, og strekkjer seg opp til Lonane ovafor Ynnesdalsvatn.

Frøysetelva er nederste del av Frøysetvassdraget. Den renn ut i Frøysetvågen som er ein sidearm av Fensfjorden. Frøysetelva strekkjer seg om lag 7 km oppover til Hindefossen som er den øvre grensa for laksefisk. På elvestrekninga frå sjøen og opp til Sleirsvatnet ligg dei mest attraktive fiskeplassane. Vidare er det mindre elvestrekningar mellom Sleirsvatnet, Langevatnet og Lauveidevatnet som også er gode fiskeplasser.

Frøysetelva er fullkalka frå 1994 med dosering av kalk i utløpet av Ostavatn ved Lauvfossen. Dette gjer at elva har ein stabil Ph på over 6,2. Det er Norsk Institutt for vannforskning(NIVA) som kar ansvaret for kontrollen av vasskvaliteten. Dette er gjort ved at NIVA har ein permanent målestasjon i elva som er plassert i Svarthølen.

Tverrelva er den viktigaste sidegreina til Frøysetelva. Den fører sjøaure opp forbi Brudalsfossen der det er bygd laksetrapp, og opp i Tangedalsvatn. Tverrelva har gode gyte- og oppvekstområde med stort potensiale for produksjon av sjøauresmolt.